ÅRETS MUSEUM
I 2022 vart Valdresmusea tildelt den prestisjefylte prisen Årets museum i Noreg.
HEILE ÅRET
Valdres Folkemuseum vart etablert i 1901, og ligg vakkert til på halvøya Storøya på Fagernes, med over 70 gamle hus innafor skigarden. Det er den immaterielle kulturen som står i sentrum ved formidlinga ved Valdres Folkemuseum. Her finn du mellom anna både gard og husmannsplass, støls- og utmarksområde. Friluftsmuseet som turområde er ei tilgjengeleg perle året rundt. I velkomstbygget frå 2010, finn du museumsbutikk, museumskafé og flotte utstillingar. Museet arrangerer dessutan mange foredrag og konsertar, og er arena for festivalar og ulike framsyningar. Her kan du lese meir om utstillingane som er tilgjengelege akkurat no: https://valdresmusea.no/utstillingar
SOMMARSESONGEN
Sommarstid er det dette den besøkande møter: spelemenn og dansarar, handverkarar, forteljarar, songarar og bunadtilverkarar, felemakarar – og makarar av alle andre slag – gjer museet til ein levande møteplass der demonstrasjon, kurs og opplæring står i sentrum. Om sommaren går det sauar, grisar, kyr og høner i området omkring Kviistunet og oppover i utmarka på museet. Frå gamalt av var det næringsrike fjellbeitet viktig for buskapen og naturressursane gav matauk for folket på garden. Valdres Folkemuseum har eige støl på toppen av Storøya, med stølshus frå ulike perioder. Her er budeia i arbeid store delar av sommaren. Friluftsmuseet egner seg godt for å gå på oppdagingsferd. På museumsplassen er det leikeplass for barna med huske, sandkasse, balansestokk og stylter.
Her finn du meir info: https://valdresmusea.no/valdres-folkemuseum